Basisrenter
Finanstilsynet fastset basisrenter på oppdrag frå Finansdepartementet. Basisrentene er baserte på rentevilkår for bustadlån i marknaden, og reglane for fastsettinga finst i skattelovforskrifta.
Om basisrenta
Basisrenta blir kalkulert på bakgrunn av data som långivarar er pålagde å rapportere til Finansportalen. Basisrenta dannar mellom anna grunnlaget for fastsettinga av normrenta. Normrenta blir fastsett av Skattedirektoratet.
Publikasjoner
Basisrenta for flytande renter blir fastsett for to månader, basert på ein observasjonsperiode på to månader med start den 1. i månadene januar, mars, mai, juli, september og november.
Basisrenta for flytande renter blei 5. mai 2025 sett til 5,374 prosent.
Basisrentene for faste renter for 3, 5, 10 og 20 års løpetid blir fastsett kvar månad, basert på ein observasjonsperiode på éin månad. Basisrentene for faste renter blei 5. mai 2025 fastsett til følgande nivå:
- Fast rente 3 år: 5,124 prosent
- Fast rente 5 år: 5,067 prosent
- Fast rente 10 år: 5,051 prosent
- Fast rente 20 år: 5,351 prosent