Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Forbrukarinformasjon >
Forsikring

Forsikring

Sist publisert: 11. november 2022

Informasjon om skadeforsikring, personforsikring (livsforsikring) og forsikringsformidling

Skadeforsikring og personforsikring (livsforsikring)

Kva for rettar og plikter ein forsikringstakar har i ein forsikringsavtale med eit føretak, er i nokon grad avhengig av om avtalen gjeld skadeforsikring eller personforsikring. Den sentrale lova på området er forsikringsavtalelova.

Skadeforsikringar er forsikring mot skade på eller tap av:

  • ting (gjenstandar eller eigedom) 
  • rettar eller andre fordelar
  • forsikring mot erstatningsansvar eller kostnader
  • annan forsikring som ikkje er personforsikring

Personforsikringar: 

  • livsforsikringar 
  • ulykkesforsikring  
  • sjukeforsikring

Skiljet mellom skadeforsikring og personforsikring i forsikringsavtalelova tilsvarer ikkje skiljet mellom kva for produkt skadeforsikringsføretak og livsforsikringsføretak kan tilby. Skadeforsikringsføretak kan tilby skadeforsikringar og nokre typar personforsikringar. Livsforsikringsføretak kan tilby livsforsikringar og i nokre tilfelle andre personforsikringar.

  • Meir informasjon om skadeforsikring
  • Meir informasjon om personforsikring (livsforsikring)

Alle forsikringsføretak som skal tilby tenester i Noreg, må ha konsesjon. Oversikt over desse finst i Finanstilsynet sitt verksemdsregister. Mange forsikringsføretak frå andre europeiske land (EU/EØS-statar) har òg løyve til å tilby forsikringar i Noreg.

Før eit forsikringsformidlingsføretak kan begynne med å formidle forsikringar, må det vere oppført i Finanstilsynet sitt verksemdsregister. Utanlandske forsikringsformidlarar frå EØS-statar som driv verksemd i Noreg, skal vere oppført i eit register i heimstaten.

  • Finanstilsynet sitt verksemdsregister
  • Oversikt over forsikringsføretak med løyve til å tilby forsikringar i Noreg 

Avtalen mellom forsikringsføretak og kunde følger norske regler, det vil seie forsikringsavtalelova, uavhengig av om forsikringsføretaket er norsk eller utenlandsk.

Forsikringsformidling: forsikringsmeklarar og forsikringsagentar

Føretak som driv forsikringsformidling, sel ikkje eigne forsikringsprodukt, men dei er eit bindeledd mellom eit forsikringsføretak og ein forsikringstakar (kunde).

  • Meir informasjon om forsikringsformidling

Europeisk forbrukarinformasjon om forsikring og tenestepensjon

EIOPA, den europeiske tilsynsmyndigheita for forsikring og tenestepensjon, har informasjon som kan hjelpe forbrukarar med å velje riktig forsikrings-/pensjonsprodukt. EIOPA gir òg informasjon om korleis komplekse produkt fungerer, korleis ein klagar på eit forsikringsføretak o.a. 

  • EIOPA sin forbrukarinformasjon 

Klageordningar

Finansklagenemnda

Forsikringsagentføretak representerer (har fullmakt frå) forsikringsføretaka dei har agentavtalar med, slik at klagar på forsikringsagentar blir behandla på den same måten som klagar ved ueinigheit/tvist med eit forsikringsføretak. I slike tilfelle er det Finansklagenemnda ein skal sende klagen til.

Klager som gjeld sjølve forsikringsavtalen, som til dømes tolking av vilkår eller ueinigheit om skadeoppgjer, skal ein sende til Finansklagenemnda. Dette gjeld både når forsikringa er formidla av ein forsikringsmeklar og når forsikringa er formidla gjennom ein forsikringsagent.

  • Finansklagenemnda

Klagenemnda for forsikrings- og gjenforsikringsmeklingsverksemd

For kundar som har avtale med ein forsikringsmeklar, er det oppretta ei klagenemnd som behandlar tvistar mellom oppdragsgivarar og forsikrings- og gjenforsikringsmeklingsføretak.

  • Meir informasjon om klagenemnda for forsikrings- og gjenforsikringsmeklingsverksemd 

Meir informasjon

  • Hvitvaskingsregelverket og forbrukernes rett til finansielle tjenester
  • Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
  • Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
  • Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
  • Sikringsordningar og garantiordningar
  • Verksemdsregister
  • Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
  • Informasjon om Finanstilsynet

Finansportalen

Finansportalen er ei teneste frå Forbrukarrådet for kundar som vil samanlikne tilboda i marknaden for banktenester, forsikringsprodukt, investering og pengeoverføring til utlandet.

  • Finansportalen (finansportalen.no)

Nyttige lenker

  • Ordliste over de mest representative betalingskontotenestene
  • Annan forbrukarinformasjon
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less