Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Forbrukarinformasjon >
Sikringsordningar og garantiordningar

Sikringsordningar og garantiordningar

Sist publisert: 11. november 2022

I Noreg er interessene til kundane varetekne gjennom fleire sikrings- og garantiordningar.

Sikkerheit for bankkundar

Alle bankar med norsk konsesjon har rett og plikt til å vere medlem av Bankenes sikringsfond. Innskot i norske bankar er dekte av fondet.

  • Bankenes sikringsfond

På nettstaden til Bankenes sikringsfond finn du generell informasjon om fondet og meir informasjon om mellom anna:

  • Innskotsgarantien i norske bankar 
  • Innskotsgarantien i andre europeiske land 
  • Oversikt over bankar som er medlemmar i Bankenes sikringsfond 

Innskot plassert i filialar av norske bankar i utlandet

Innskotsgarantien dekker innskot på inntil 100 000 euro som er plassert i filialar av norske bankar i utlandet. Ifølge norske reglar skal det ikkje bli gitt betre dekning til innskytarar i utanlandske filialar av norske bankar enn kva som er reglane i filialstaten. Filialen har plikt til å gi informasjon om kva for garanti som gjeld for innskytarar i det aktuelle landet.

Innskot i utanlandsk bank i Noreg

Dersom banken har fått konsesjon av norske myndigheiter, er banken rekna som norsk bank og underlagd det same regelverket og ordningane som gjeld norske bankar. Dette prinsippet gjeld sjølv om banken heilt eller delvis har utanlandske eigarar. Men dersom ein utanlandsk bank driv verksemda i Noreg gjennom filial eller ved grensekryssande verksemd på annan måte i Noreg, blir han rekna for å vere heimehøyrande i sitt eige heimland. Innskot i slike bankar blir ikkje dekte av den norske garantiordninga.

Utanlandske bankar med filial i Noreg kan bli medlem (filialmedlem) av Bankenes sikringsfond dersom dei ønsker det.

  • Oversikt over bankar og filialar som er medlemmar i Bankenes sikringsfond

Ei rekke kredittinstitusjonar driv grensekryssande verksemd og har sendt melding om filialetablering eller grensekryssande verksemd i Noreg og norske filialetableringar i utlandet.

  • Grensekryssande verksemd

Informasjonsplikta til bankane

Norske og utanlandske bankar har plikt til å gi deg som kunde skriftleg informasjon om kva for innskotsgaranti som gjeld for verksemda deira. Informasjon om den aktuelle garantien skal bli gitt på norsk og på ein lett forståeleg måte.

Sikkerheit for skadeforsikringskundar

Garantiordninga for skadeforsikring dekker i utgangspunktet alle krava frå forsikringstakarar, sikra og skadelidne etter avtalar om skadeforsikring når den forsikra risikoen er i Noreg.

Garantiordningen dekker likevel ikkje:

  • forsikringskrav knytte til avtalar om kredittforsikring
  • livsforsikring som blir tilbode av skadeforsikringsselskap
  • energiforsikringar
  • luftfartsforsikringar
  • sjøforsikring unnateken kystkasko
  • næringslivsforsikringar for store føretak
  • forsikringskrav frå offentlege organ
  • forsikringar gjennom eit eigenforsikringsselskap («captive»)

Garantiordninga dekker likevel tvungen ansvarsforsikring innanfor desse forsikringsbransjane.

Garantiordninga dekker ikkje meir enn 90 prosent av kvart enkelt krav, med unnatak for krav etter forsikringar som gjeld bustad og tvungen ansvarsforsikring, som blir dekte med 100 prosent.

Garantiordninga dekker uansett ikkje krav utover 20 millionar kroner for kvart krav.

Med enkelte unnatak er alle norske forsikringsføretak og filialar av utanlandske føretak som tilbyr direkte skadeforsikring i Noreg, medlemar av garantiordninga. Finanstilsynet er sekretariat for garantiordninga.

Sikkerheit for livsforsikringskundar

Det er inga garantiordning for livsforsikrings- og pensjonsføretak. Sikkerheita for livsforsikringskundar blir vareteke gjennom soliditetsregelverket for forsikring og pensjon.  

  • Soliditetsregelverket for forsikringsføretak
  • Soliditetsregelverket for pensjonsføretak 

Sikkerheit for kundar i verdipapirføretak

Kundane sine middel og finansielle instrument som er behandla av verdipapirføretak, er sikra med opptil 200 000 kroner. Meir informasjon får du på nettstaden til Verdipapirforetakenes sikringsfond.

  • Verdipapirforetakenes sikringsfond

Meir informasjon

  • Hvitvaskingsregelverket og forbrukernes rett til finansielle tjenester
  • Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
  • Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
  • Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
  • Sikringsordningar og garantiordningar
  • Verksemdsregister
  • Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
  • Informasjon om Finanstilsynet

Finansportalen

Finansportalen er en tjeneste fra Forbrukerrådet for kunder som vil sammenligne tilbudene i markedet for banktjenester, forsikringsprodukter, investering og pengeoverføring til utlandet

  • Finansportalen

Nyttige lenker

  • Ordliste over de mest representative betalingskontotenestene
  • Annan forbrukarinformasjon
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less