Pressebrief om ROS-analysen 2022
Finanstilsynets årlege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) oppsummerer arbeidet med IKT-sikkerheit i finanssektoren i det førre året og korleis enkeltføretak og bransjen etterlever regelverket.
Dato: 12. mai 2022
Tid:
10:30
-
11:30
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, kan melde seg på e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Seksjonssjef for IT og betalingstenester Olav Johannessen vil presentere ROS-analysen.
Blant tema han vil presentere, er:
- Vurdering av den finansielle infrastrukturen
- Risikoar som følge av krigen i Ukraina
- Føretaka si handtering av koronapandemien
- Det digitale trusselbiletet, kriminalitet og svindel
- Sosial manipulering
- Resultat frå tilsyn med føretak
- Utvikling og risiko ved utkontraktering av IKT-tenester
- Betalingssystem og -tenester: Risiko knytte til bruk av digitale tenester
- Finanstilsynet si oppfølging av rapporterte hendingar i føretaka
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Seksjonssjef Olav Johannessen er tilgjengeleg for intervju rett etter sendinga. Media som ønsker intervju, kan sende e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf. 40 90 03 50.