Offentleg postjournal og innsyn
Publisert: 27. mars 2017
Sist endret: 8. november 2022
Finanstilsynet publiserer postjournalane sine på eInnsyn, ei publiseringsteneste for statlege verksemder og Oslo kommune.
Finanstilsynet publiserer den offentlege journalen sin kvar onsdag for føregåande veke. Innsyn kan bestillast direkte frå eInnsyn.
Aktuelle lover
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
- Lov om tilsynet med finansforetak mv. (finanstilsynslova)
Unntak frå offentlegheit
Hovudregelen til offentleglova er at dokumenta til forvaltinga er offentlege så langt det ikkje er gjort unntak i lova eller i medhald av lova. Alle dokumenta som er unntekne frå offentlegheita, er påførte lovheimel for unntaket.
Meiroffentlegheit
Alle forvaltingsorgan har plikt til å vurdere om eit dokument likevel bør kunne gjerast kjend heilt eller delvis, sjølv om det etter føresegner i lova kan unntakast frå offentlegheita. Alle kan derfor søke om innsyn i eit dokument sjølv om det er unnteke frå offentlegheita.
Klage på avslag
Klage på avslag på krav om innsyn skal først sendast til det forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Vedkommande som har fått avslaget, kan så klage på avslaget til det forvaltingsorganet som er det nærmaste overordna til forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet som meldinga om vedtaket er motteke.
________
Teknisk feil i registreringa av enkelte journalpostar
På grunn av ein teknisk feil er det enkelte saker med journalpostar mellom november 2021 og mars 2022 som har to oppføringar på eInnsyn. Ved søk på éi sak får ein då to treff. For å få overblikk over heile saka, må ein opne begge treffa. Vi beklagar dette.