Forskjellige bedragerimetodar
Publisert: 19. august 2016
Sist endret: 21. september 2017
Investeringsbedrageri har utvikla seg til å bli sofistikerte og velorganiserte verksemder i fleire land over heile verda. Bedragarane legg ofte opp verksemda i eit fast mønster, og opererer i fleire fasar.
- Fase 1: Formidling av finansielle instrument
- Fase 2: Tilbod om sal eller bytte av tidlegare kjøpte finansielle instrument
- Fase 3: ”Hjelp” til å få tilbake pengar som tidlegare er investerte
Fase 1: Formidling av finansielle instrument
Vanlegvis blir kunden kontakta per telefon og tilbydt ei lønnsam investering i ein utanlandsk aksje, eit fond eller ei pensjonsforsikring. Tidsfristen er ofte kort, og kunden må ta ei rask avgjerd. Andre gongar kan seljaren bygge opp tillit over tid, for å overbevise kunden om at det er tale om eit seriøst føretak og ei sikker investering. Seljaren viser dessutan ofte til truverdige nettstader og brosjyrar.
Tilbodet som kunden får, handlar ofte om ei svært lønnsam investering med sikker og rask avkasting. Investeringa blir framstilt som ein unik moglegheit, for eksempel ved at det blir gitt rabatt for enkelte investorar, at personen som ringer har innsideinformasjon om eit selskap, eller at investoren får tilbod om å investere i eit selskap rett før det blir børsnotert. Seljaren framhever den lave risikoen som investering inneber, og at investoren kan selje aksjane igjen når vedkommande ønsker det. Seljaren kan òg argumentere med at ekspertar tilrår aksjen, og at innsidehandel ikkje er ulovleg dersom det skjer i utanlandske aksjar.
For å unngå å bli oppdaga, arbeider bedragarane ofte frå forskjellige land. Dei kan for eksempel opptre på denne måten (teorien om dei fem flagga):
- Seljarane ringer frå land 1.
- Kundane er i land 2. Ofte blir kundar i fleire land kontakta.
- Verdipapira som blir selde, gjeld eit selskap som held til i land 3.
- Banken som kundane skal betale til, er i land 4.
- Seljarane bur i land 5.
Seljarane er ofte svært pågåande. Dersom kunden viser litt interesse for investeringstilbodet, vil seljaren halde fram med å prøve å selje aksjane. Dei kan òg presentere seg med ein kameratsleg tone, slik at kunden etter kvart nesten føler seg forplikta til å kjøpe aksjar.
Aksjane som blir tilbydt, er ofte OTC-aksjar. Dette er aksjar som ikkje blir handla over børs, og dei har ofte liten omsetnad slik at det er vanskeleg å finne ein eigna referansekurs. Aksjane kan vere lista på ulike OTC-system. Ver merksam på at omsetnaden/etterspurnaden som er registrert i slike system, kan vere utført av bedragarane sjølve. Les meir om OTC-aksjar på nettsidene til den amerikanske tilsynsmyndigheita, SEC.
Denne første fasen kan pågå i fleire år, og investoren kan få tilbod om nye gunstige investeringar undervegs. Dersom investoren ønsker å selje aksjane sine, vil seljaren fråråde dette fordi verdien til aksjane truleg vil auke meir. Dersom investoren insisterer på å selje aksjane, vil seljaren gjerne forsøke å få vedkommande til å investere i ein annan aksje. Det vil vise seg umogleg å få realisert gevinsten på investeringa.
Fase 2: Tilbod om sal eller bytte av tidlegare kjøpte finansielle instrument
I denne fasen kan bedragarane framstå som om dei representerer eit verdipapirføretak eller eit advokatkontor. Dei ringer og ønsker å kjøpe aksjar på vegner av ein klient til ein pris som er svært gunstig for seljaren. Bakgrunnen for ønsket til klienten kan for eksempel vere at vedkommande ønsker å kjøpe verdilause aksjar for å få avdrag på skatten, eller at klienten ønsker å eige meir enn 50 prosent av det aktuelle selskapet. For at handelen skal kunne gjennomførast, må seljaren av aksjane på førehand betale ei avgift. Svindlaren lovar at denne avgifta skal tilbakebetalast saman med pengane for salet.
Fase 3: ”Hjelp” til å få tilbake pengar som tidlegare er investerte
Bedragarane har òg tilbydt kundar som tidlegare har blitt ramma av investeringsbedrageri, hjelp til å få tilbake delar av pengane dei har tapt. Bedrageriet går i denne fasen ut på at investorane blir kontakta av ein advokat eller liknande som representerer ei gruppe bedratte investorar. Advokaten tilbyr seg å hjelpe investorane med å få tilbake delar av det tapte beløpet, mot ei avgift/forskotsbetaling.