Financialservice24
Publisert: 15. april 2021
Finanstilsynet åtvarar mot investerings- og banktenester marknadsført av Financialservice24.
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Financialservice24 (Adr.: Norges Bank, P.O. Box 1179 Sentrum, 0107 Oslo, Norway) marknadsfører seg som norsk bank, og tilbyr investerings- og banktenester via nettsida https://financialservice24.com/contact.
Finanstilsynet gjer merksam på at Financialservice24 ikkje har konsesjon som bank, og har ikkje løyve til å drive investerings- eller banktenester som det er krav om etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje fører tilsyn med føretaket og har ikkje godkjent tenestene føretaket tilbyr. Finanstilsynet åtvarar derfor mot å inngå investeringsavtaler eller overføre verdiar til Financialservice24.
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.