Nrp Finance og nettstaden nrpfinance.com (klone av verdipapirføretaket NRP Project Finance AS)
Publisert: 18. januar 2022
Sist endret: 23. februar 2022
Finanstilsynet åtvarar mot investeringstilbod marknadsført av Nrp Finance og nettstaden nrpfinance.com (klone av verdipapirføretaket NRP Project Finance AS)
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Nrp Finance gjennom nettstaden nrpfinance.com marknadsfører og tilbyr investeringstenester. Nrp Finance har ingen forbindelsar til verdipapirføretaket NRP Project Finance AS, som har løyve til å yte investeringstenester. Nettstaden nrpfinance.com nyttar kontakinformasjon til NRP Project Finance AS utan løyve.
Finanstilsynet gjer merksam på at Nrp Finance ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsyn med føretaket eller har godkjent tenestene som nettstaden tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Nrp Finance eller å bruka nrpfinance.com.
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.