Better Experience (BE)
Sist publisert: 23. mars 2023
Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Better Experience (BE).
Finanstilsynet gjer merksam på at Better Experience (BE) ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Føretaket er heller ikkje registrert hos Finanstilsynet som tilbydar av vekslings- og/eller oppbevaringsteneste for virtuell valuta. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet, eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr.
Det er òg forbode i Noreg å tilby binære opsjonar til ikkje-profesjonelle. Finanstilsynet har merka seg at Lotteritilsynet og Forbrukartilsynet har åtvara mot verksemda fordi det liknar eit ulovleg pyramidespel. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtale eller bruke tenestene til Better Experience (BE). Dersom ein gjer det, må ein vere førebudd på å tape alle pengane ein set inn i systemet.
Finanstilsynet er kjend med at privatpersonar i Noreg som deltek i Better Experience (BE), aktivt forsøker å verve nye kundar til føretaket, med løfte om høg forteneste. Finanstilsynet minner om at både yting av investeringstenester utan nødvendig løyve og medverknad til dette, er ulovleg og at tilsynet kan ilegge lovbrotsgebyr og/eller melde det til politiet.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.