Har du blitt ramma av investeringsbedrageri?
Sist publisert: 21. september 2017
Dersom du har lidd økonomisk tap etter eit investeringsbedrageri, tilrår Finanstilsynet at du melder forholdet.
Tap på aksjar kan gi rett på frådrag i likninga, uavhengig av om selskapet er norsk eller utanlandsk.
For meir informasjon om korleis du skal gå fram for å melde forholdet og dokumentere økonomisk tap, ta kontakt med lokale politi- og likningsmyndigheiter.
Meld frå til Finanstilsynet dersom føretaket du er blitt kontakta av ikkje finst på lista over investoråtvaringar.