Høyring frå EBA: Om homogenitet for underliggande eksponeringar i STS-verdipapirisering
Høringer
Publisert: 16. september 2022
Sist endret: 25. oktober 2022
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring forslag til oppdaterte regulatoriske standardar («Regulatory Technical Standards», RTS) om homogenitet for underliggande eksponeringar i «Simple, Transparent, Standardised» (STS) verdipapirisering. Høyringsfristen er 28. oktober 2022.
Dei foreslåtte oppdaterte regulatoriske standardane vil endre eksisterande RTS («Commission Delegated Regulation» (EU) 2019/1851) og vil gjelde all verdipapirisering, inkludert «asset-backed commercial paper» (ABCP), ikkje-ABCP og verdipapiriseringar frå balansen.
Foreslått RTS vidareførar krava til homogenitet i eksisterande RTS med nokre modifikasjonar. Mens kriteria for verdipapirisering frå balansen blir vidareført, vil foreslått RTS etablere dei same regulatoriske kriteria for vurdering av homogenitet for all verdipapirisering.
Når det gjeld bedriftslån og lån til små og mellomstore bedrifter (SMB-lån) i samband med syntetisk verdipapirisering, er det gjort justeringar til homogenitetsfaktoren «type debitor» for å reflektere noverande marknadspraksis og haldningar til risikovurdering i kredittbehandlinga for desse typane aktiva. For å sikre konsistens er det gjort tilsvarande endringar i respektive homogenitetsfaktor for alle aktivatypar. Foreslått RTS spesifiserer aktivatypen for kredittfasilitetar som blir løyvd til bedrifter der standardane for kredittløyving blir nytta som for personkundar.
Formålet med høyringa frå EBA er å hente inn synspunkt og innspel frå partane som saka vedkjem.
Reglane for verdipapirisering blir gjennomført i norsk rett i finansføretakslova kapittel 11 del III. Verdipapiriseringsforordninga er foreløpig ikkje teke inn i EØS-avtala. Reglane har derfor ikke tredd i kraft.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje blir gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast i norsk rett.
Høyringsfristen er 28. oktober 2022.
Ei offentleg høyring (telefonkonferanse) vil bli halde 28. september 2022 frå kl. 10.30 til 12.30.
Høyringsnotatet og nærmare informasjon finst på EBA sine nettsider:
Les meir: