Høyring frå EBA: Nye retningslinjer om de-risking
Høringer
Publisert: 12. desember 2022
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 6. desember 2022 høyring om to retningslinjer for å handtere såkalla de-risking. Høyringsfristen er 6. februar 2023.
Høyringa gjeld ei ny retningslinje som gir rettleiing om sårbare menneske sin tilgang til grunnleggande finansielle tenester. Høyringa gjeld òg eit nytt tillegg til EBA sin ML/TF Risk Factor Guideline om korleis finansføretak bør handtere kvitvaskingsrisikoen tilknytta NPO-ar (Non-profit organisastions).
For nærare omtaler viser vi til høyringsnotatet frå EBA.
Finanstilsynet mottek gjerne kopi av høyringssvar på: post@finanstilsynet.no
Høyringsnotatet og svarskjemaet er tilgjengelege på nettstaden til EBA: