Høyring frå EBA: Rapport om miljømessige risikoar i kapitalkravsrammeverket
Høringer
Publisert: 9. juni 2022
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt ein rapport som diskuterer om og på kva måte miljømessige risikoar skal takast omsyn til i pilar 1-rammeverket for finansinstitusjonar og verdipapirføretak på høyring.
Tema
Miljømessige risikoar endrar risikobildet for den finansielle sektoren og vil bli endå meir framtredande i tida framover. Dette påverkar alle dei tradisjonelle risikokategoriane, som kreditt-, marknads- og operasjonell risiko.
EBA har valt ei risikobasert tilnærming der kapitalkravstilpasningar må grunngjevast med risiko. Rapporten understrekar kor viktig det er å innhente relevant og påliteleg informasjon om miljømessige risikoar og effekten av dei på institusjonane sine finansielle tap. I rapporten blir det analysert i kva grad miljømessige risikoar alt er reflekterte i pilar 1-krava. Sjølv om rapporten omhandlar hovudsakleg pilar 1-krav, blir også behovet for ei heilheitleg regulatorisk tilnærming understreka, og rapporten må sjåast i samanheng med EBAs breiare arbeid innan ESG-risikoar.
Høyringsfristen er 2. august 2022.
EBA vil halde eit offentleg nettmøte om høyringa 17. juni.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Meir informasjon på EBAs nettsider:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.