Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Endring av utfyllande regelverk knytt til handelsplikta og clearingplikta under MiFIR og EMIR

Høyring frå ESMA: Endring av utfyllande regelverk knytt til handelsplikta og clearingplikta under MiFIR og EMIR

Høringer

Publisert: 11. august 2022

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt forslag til endringar i forordningane om handelsplikt og clearingplikt på høyring. Høyringsfristen er 30. september 2022.

ESMA har sendt forslag til endring av forordningane om handelsplikt for visse derivat (kommisjonsforordning (EU) 2017/2417) og clearingplikt (kommisjonsforordning (EU) 2015/2205) på høyring. Endringane kjem som ei følgje av opphøyret av referanserentene EONIA og LIBOR, og utfyller endringane som blei gjorde i desse kommisjonsforordningane den 8. februar 2022. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå berørte partar.

Ein må legge til grunn at reglane blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomførde i norsk rett i verdipapirsentralforskrifta. Finanstilsynet ber om å bli orientert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 30. september 2022.

Les meir på ESMA sine nettsider:

  • Consultation paper on the clearing and derivative trading obligations in view of the 2022 status of the benchmark transition

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less