Høyring frå ESMA: Opplysningar i søknad for autorisasjon og registrering etter referanseverdiforordninga
Høringer
Publisert: 7. desember 2022
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt eit utkast til endringar i utfyllande føresegner til referanseverdiforordninga på høyring. Høyringsfristen er 31. januar 2023.
Referanseverdiforordninga (EU) 2016/1011 regulerer mellom anna bruk av referanseverdier frå tredjelandsbaserte administratorar i EU. Forordninga er gjennomført i norsk rett i referanseverdiloven § 1 og referanseverdiforskrifta. Utfyllande reglar om likebehandling framgår av kommisjonsforordninga (EU) 2018/1646, som mellom anna fastslår innhaldet i søknader om autorisasjon og registrering som administrator av referanseverdi.
ESMA ber om synspunkt på føreslåtte endringar i dei regulatoriske tekniske standardane (RTS) om autorisasjon og registrering. Målet er å sikre likebehandling av administratorar av referanseverdiar lokalisert i EU og tredjeland. Dette søker ein å løyse ved å samordne informasjonen som det blir spurt om i søknader frå administratorar innan EU med informasjonen som krevst i godkjenningssøknader frå tredjelandsbaserte administratorar.
Ein reknar med at reglane blir inntatt i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i referanseverdiforskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 31. januar 2023.
Les meir på ESMAs nettsider: