Høyring frå EBA: Tekniske standardar om rapportering av renterisiko i bankboka – IRRBB
Høringer
Publisert: 3. februar 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 31. januar 2023 ei høyring om tekniske standardar for rapportering av renterisiko i bankboka (IRRBB) med høyringsfrist 2. mai 2023.
EBA sender no utkast til nivå 2-regelverk under CRR på høyring. Dei tekniske standardane som er på høyring, bidreg til å gjennomføre regelverkspakka som EBA publiserte i oktober 2022, og dei skal gi tilsynsmyndigheitene betre moglegheiter til å overvake føretaka sin renterisiko i bankboka.
Eit sentralt element i utviklinga av rapporteringspakka er forholdsmessigheit (proporsjonalitet) i utforminga, med utgangspunkt i funn og tilråingar frå EBA sin Cost of Compliance study. Høyringsnotatet omfattar forenkla skjema for rapportering for små og ikkje-komplekse føretak (SNCI) og ber om konkrete tilbakemeldingar på forenklingar for mellomstore føretak.
Det er sannsynleg at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførde i norsk rett når dei tek til å gjelde i EU.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som tilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomførd ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
EBA vil òg arrangere ei offentleg høyring i form av ein open telefonkonferanse 15. mars 2023 kl. 14.00–16.00.
Høyringsfristen er 2. mai 2023.