Høyring frå EBA: utfyllande reglar til MiCA
Høringer
Publisert: 2. november 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt ei rekke utkast til utfyllande reglar til MiCA på høyring med høyringsfrist 22. januar 2024.
EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCA). I EU blir forordninga sin del 3 og 4 iverksette frå 30. juni 2024, medan andre delar blir iverksette frå 30. desember 2024.
EBA og ESMA har fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar og retningslinjer til MiCA. Både ESMA og EBA har delt opp arbeidet med desse reglane i "pakkar", der fleire regelverksutkast blir sende på høyring samtidig. For meir informasjon om EBAs førebuingar til MiCA, sjå EBAs temaside om MiCA.
EBA har no sendt den andre pakken med regelverksforslag på høyring. Forslaga dekker mellom anna krava til godkjenningsprosessen for kvitboka (white paper) for eigedelsbaserte tokens (asset-referenced tokens), retningslinjer for godtgjersleordningar og interne styringsordningar.
Det blir antatt at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
EBA arrangerer òg digitalt høyringsmøte om forslaga 11. januar 2024.
Høyringsfristen er 22. januar 2024.
Les meir på EBAs nettstad:
- Consultation on draft RTS on the procedure for the approval of white papers of ARTs issued by credit institutions
- Consultation on draft RTS on the minimum content of the governance arrangements on the remuneration policy under MiCAR
- Consultation on draft Guidelines on internal governance arrangements for issuers of ARTs under MiCAR (EBA/CP/2023/23)
- EBAs temaside om MiCA