Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til MiCA
Høringer
Publisert: 15. november 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt ei rekke utkast til utfyllande reglar til MiCA på høyring, med høyringsfrist 8. februar 2024.
EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCA). I EU blir del 3 og 4 i forordninga sette i verk frå 30. juni 2024, medan andre delar blir sette i verk frå 30. desember 2024.
EBA og ESMA har fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar og retningslinjer til MiCA. Både ESMA og EBA har delt opp arbeidet med desse reglane i "pakker", der fleire regelverksutkast blir sende på høyring samtidig. For meir informasjon om EBA sine førebuingar til MiCA, sjå temasida om MiCA på nettstaden til EBA.
EBA har sendt den tredje pakka med regelverksforslag på høyring. Forslaga dekker mellom anna krava til reservar, likviditetsstyring, stresstesting, kapital ("own funds"), gjenopprettingsplaner, metode for rapportering av transaksjonar i øvrige valutaer utanfor EU-området, og oppretting og arbeid med tilsynskollegium.
Det er venta at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold som er viktige for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
EBA arrangerer òg digitalte høyringsmøte om forslaga 17. og 30. januar 2024.
Høyringsfristen er 8. februar 2024.
Les meir på nettstaden til EBA:
- Consultation on RTS to specify the highly liquid financial instruments in the reserve of assets under MiCAR (EBA/CP/2023/24)
- Consultation on RTS further specifying the liquidity requirements of the reserve of assets under MiCAR (EBA/CP/2023/25)
- Consultation on RTS to specify the minimum contents of the liquidity management policy and procedures under MiCAR (EBA/CP/2023/26)
- Consultation on Guidelines liquidity stress testing under MiCAR (EBA/CP/2023/27)
- Consultation on the adjustment of own funds requirements and design of stress testing programmes for issuers under MiCAR (EBA/CP/2023/28)
- Consultation on RTS on procedure and timeframe to adjust its own funds requirements for issuers of significant asset-referenced tokens or of e-money tokens under MiCAR (EBA/CP/2024/29)
- Consultation on Guidelines on recovery plans under MiCAR (EBA/CP/2023/30)
- Consultation on RTS on the use of ARTs and EMTs denominated in a non-EU currency as a means of exchange (MiCAR) (EBA/CP/2023/31)
- Consultation on ITS on the reporting on ARTs and EMTs denominated in a non-EU currency (MiCAR) (EBA/CP/2023/32)
- Consultation on RTS on supervisory colleges under MiCAR (EBA/CP/2023/33)