Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til MiCA
Høringer
Publisert: 11. desember 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt eit nytt utkast til utfyllande reglar til MiCA på høyring, med høyringsfrist 7. mars 2024.
EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCA). I EU blir del 3 og 4 i forordninga sette i verk frå 30. juni 2024, medan andre delar blir sette i verk frå 30. desember 2024.
EBA og ESMA (den europeiske verdipapir og marknadstilsynsmyndigheita) har fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar og retningslinjer til MiCA. Både EBA og ESMA har delt opp arbeidet med desse reglane i "pakker", der fleire regelverksutkast blir sende på høyring samtidig. For meir informasjon om EBA sine førebuingar til MiCA, sjå temasida om MiCA på nettstaden til EBA.
EBA har no sendt eit nytt utkast på høyring, som ein del av den tredje regelverkspakka. Reglane gjeld krav til å handtere interessekonfliktar for utskrivarar av eigendelsbaserte "token" (ARTs).
Det er venta at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold som er viktige for norske interesser, som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
EBA arrangerer òg digitalt høyringsmøte om forslaga 11. januar 2024.
Høyringsfristen er 7. mars 2024.
Les meir på nettstaden til EBA: