Høyring frå ESMA : utfyllande reglar til MiCA
Høringer
Publisert: 26. oktober 2023
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt ei rekke forslag til utfyllande reglar til forordning om marknader for kryptoeigedelar (MiCA) på høyring, med høyringsfrist 14. desember 2023.
EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCA). I EU blir forordninga sin del 3 og 4 iverksette frå 30. juni 2024, medan andre delar blir iverksette frå 30. desember 2024.
ESMA og EBA har fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar og retningslinjer til MiCA. Både ESMA og EBA har delt opp arbeidet med desse reglane i "pakkar", der fleire regelverksutkast blir sende på høyring samtidig. Meir informasjon om korleis EBA og ESMA arbeider med førebuingane til MiCA, under dette forventa innhald og tidspunkt for kommande høyringar, finst på temasidene deira om MiCA. Det er lenkja til desse nedst i denne nyheitsmeldinga. I tillegg har EU-kommisjonen fått i mandat å utarbeide utfyllande reglar til MiCA.
ESMA har no sendt si andre pakke med regelverksforslag på høyring. Forslaga dekker mellom anna krava til berekraftsinformasjon om konsensusmekanismane, offentleggjering av ordre- og transaksjonsdata, publisering av innsideinformasjon og format på kvitbøker ("white papers"), i tillegg til fleire krav til tilbydarar av kryptoeigedelar.
Det blir antatt at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje blir gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Les meir på ESMA og EBA sine nettsider: