Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EU-kommisjonen: Utfyllande reglar til MiCA

Høyring frå EU-kommisjonen: Utfyllande reglar til MiCA

Høringer

Publisert: 15. november 2023

EU-kommisjonen har sendt på høyring fire forslag til forordningar med utfyllande føresegner til MiCA. Høyringsfristen er 6. desember 2023.

EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCA). 
 
EU-kommisjonen har sendt på høyring utkast til reglar som

  • spesifiserer kriterium for at eigedelar skal klassifiserast som signifikante
  • spesifiserer moglegheiter for EBA, ESMA og kompetente myndigheiter til å avgrense eller forby sal av eigedelar eller relaterte aktivitetar
  • fastset reglar for EBA til å kunne ilegge bøter
  • innfører reglar om tilsynsgebyr som skal bli kravde inn av EBA 

Reglane er venteleg EØS-relevante, men dei er førebels ikkje tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførde i norsk rett. 
 
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold som er særleg viktige for norske interesser, som Finanstilsynet bør vere merksam på. I utgangspunktet vil det ikkje vere ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett. 
 
Høyringsfristen er 6. desember 2023. 
 
Høyringsnotata er tilgjengelege på nettstaden til EU-kommisjonen: 

  • Supervision of crypto-assets – criteria, procedures & fees 
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less