Nivå-2 regelverk under DORA på høyring
Høringer
Publisert: 21. desember 2023
EU-kommisjonen har publisert fire utkast til regulatoriske tekniske standardar (RTS), ein implementeringsteknisk standard (ITS) og to retningslinjer under (EU) 2022/2554 Digital Operational Resilience Act (DORA). Utkasta omhandlar harmonisering av "oversight", samhandling og informasjonsutveksling mellom dei europeiske og nasjonale finanstilsynsmyndigheitene, rapportering av hendingar, kostnader og tap som følge av hendingar, vidareutkontraktering og penetrasjonstesting.
EU-kommisjonen publiserte utkasta 8. desember 2023, basert på innspel frå dei europeiske finanstilsynsmyndigheitene (EBA, EIOPA og ESMA). Det skal også haldast ei høyring i form av eit webinar 23. januar 2024. Påmelding skjer via "Registration form" under overskrifta "Public hearing", sjå lenkja nedanfor.
DORA vil gjelde frå 17. januar 2025. Forordninga har som mål å styrke den digitale operasjonelle motstandskrafta til føretak i finanssektoren i EU/EØS og å harmonisere sentrale krav til digital operasjonell motstandskraft for alle finansielle føretak i EU/EØS. Regelverket dekker nøkkelområde som IKT-risikostyring, IKT-relatert hendingshandtering og rapportering, digital operativ motstandstesting og styring av IKT-tredjepartsrisiko.
DORA har gitt EBA, EIOPA og ESMA mandat til å utvikle ei rekke tekniske standardar som blir leverte i to omgangar, og dessutan gi kommisjonen innspel til enkelte område (call for advice), mellom anna til regelverket som blir omfatta i denne høyringsrunden:
- RTS for harmonisering av "oversight"
- retningslinjer for samhandling og informasjonsutveksling mellom dei europeiske og nasjonale finanstilsynsmyndigheitene i samband med "oversight"
- RTS og ITS for rapportering av vesentlege hendingar
- retningslinjer for estimering av kostnader og tap som følge av vesentlege hendingar
- RTS for vidareutkontraktering
- RTS for trusselbasert penetrasjonstesting (TLPT)
Informasjon om høyringa finst på følgjande nettstad:
Høyringa
Kommentarar til høyringane kan sendast til EBA, EIOPA og ESMA ved gå via lenkja ovanfor og deretter klikke på "Respond" og følgje lenkjene under "Consultation process". Ver merksam på at fristen for å komme med merknader er 4. mars 2024. Alle innkomne bidrag vil bli publiserte etter enda høyring, med mindre det er bedt om noko anna.