Høyring frå EBA: Endring i teknisk standard for rapportering (EU) 2021/451
Høringer
Publisert: 8. januar 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 14. desember 2023 ei høyring om endringar i teknisk standard for rapportering (EU) 2021/451, som ledd i implementeringa av CRR3 og CRDVI (bankpakken). Høyringsfristen er 14. mars 2024.
Som følgje av innføringa av CRR3/CRDVI (bankpakken) i EU må teknisk standard for rapportering (EU) 2021/451 endrast. Endringane i rapporteringa gjeld mellom anna golv (output floor) for berekningsgrunnlaget i IRB-modellar, kredittrisiko, tap på utlån sikra i fast eigedom (IP losses), svekt kredittverdigheit hos motpart (CVA, credit value adjustments), marknadsrisiko og uvekta kjernekapitalandel (leverage ratio).
Finanstilsynet går ut frå at den tekniske standarden vil bli teken inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon i § 2 andre ledd i CRR/CRD IV-forskrifta. Tilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 14. mars 2024. EBA vil også arrangere ei offentleg høyring i form av eit webinar 23. januar 2024 kl. 09.30 - 13.30.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringsnotatet på EBAs nettstad: