Høyring frå EBA: Retningslinjer for styring av berekraftsrisikoar
Høringer
Publisert: 24. januar 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert ei høyring om retningslinjer for styring av miljø, samfunnsansvar og eigarstyring (ESG). Høyringsfristen er 18. april 2024. Ei offentleg høyring vil bli halden 28. februar 2024.
Klimaendringar, svekking av miljø, sosiale spørsmål og andre berekraftsfaktorar medfører betydelege utfordringar for økonomien og for finanssektoren. Risikoprofilen og forretningsmodellen til finansinstitusjonar blir påverka av berekraftsrisikoar.
For å vareta soliditeten til finansinstitusjonar på kort, mellomlang og lang sikt, bør finansinstitusjonar ha på plass interne prosessar og risikostyringssystem knytt til berekraftsrisikoar.
Retningslinjene som no blir sende på høyring, stiller krav til at finansinstitusjonar identifiserer, måler, styrer og overvaker berekraftsrisikoar. Retningslinjene inneheld mellom anna prinsipp for utarbeiding av planar som adresserer risikoane som oppstår ved overgangen til ein klimanøytral økonomi i EU, jf. overgangsplanar etter kapitalkravdirektivet (CRD6).
Høyringsfristen er 18. april 2024.
Nærmare informasjon om høyring og høyringsnotat på EBAs nettstad: