Høyring frå EBA: Sentralt kontaktpunkt for tilbydarar av kryptoeigedelstenester
Høringer
Publisert: 18. desember 2024
Den europeiske banktilsynsmakta (EBA) har sendt på høyring forslag til reglar om kriterium for utpeiking av sentrale kontaktpunkt etter kvitvaskingsregelverket for tilbydarar av kryptoeigedelstenester som yter grensekryssande verksemd i EØS.
I 2018 fastsette EU reglar om utpeiking av sentrale kontaktpunkt etter kvitvaskingsregelverket for e-pengeutferdarar og betalingstenesteytarar som yter grensekryssande verksemd i EØS. Reglane er gjennomførte i norsk rett i kvitvaskingsforskrifta § 7-2.
EU har i 2023 vedteke endringar i kvitvaskingsdirektivet som inneber at direktivet også skal gjelde for tilbydarar av kryptoeigedelstenester. EBA har no sendt på høyring forslag til endringar i dei utfyllande reglane om utpeiking av sentrale kontaktpunkt som inneber at også desse tilbydarane blir omfatta.
Det er venta at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfrist er 4.februar 2025.
Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA: