Høyring frå ESMA: Retningslinjer til MiCa om klassifisering av kryptovaluta
Høringer
Publisert: 29. august 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmakta (ESMA) har sendt utkast til retningslinjer til forordning (EU) 2023/1114 (MiCa) på høyring. Retningslinjene gjeld klassifisering av kryptovaluta, og har høyringsfrist 12. oktober 2024.
EU vedtok 31. mai 2023 eit nytt regelverk om kryptoeigedelar, forordning (EU) 2023/1114 (MiCa). I EU får forordningas del 3 og 4 gjeld frå 30. juni 2024, medan andre delar trer i kraft frå 30. desember 2024.
ESMA og den europeiske banktilsynsmakta (EBA) har fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar og retningslinjer til MiCa. Meir informasjon om førebuingane deira til MiCa, under dette forventa innhald og tidspunkt for kommande høyringar, finst på deira temasider om forordninga.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsnotatet om kassifisering av kryptovaluta finst på ESMAs nettside:
Meir om Mica: