Høyring frå EU-kommisjonen: Unik identifikator og identifiserande referansedata for OTC-derivat (MiFIR)
Høringer
Publisert: 17. juni 2024
EU-kommisjonen har utarbeidd forslag til utfyllande regelverk om ein unik identifikator og identifiserande referansedata for bruk på transparenskrava som følger av verdipapirmarknadsforordninga (MiFIR). Forslaget er no sendt på høyring.
MiFIR review ((EU) No 2024/791) gjorde endringar i verdipapirmarknadsforordninga (MIFIR (EU) No 600/2014)). Endringane omfatta også reglane for transparens (gjennomlysing) for OTC-derivat.
EU-kommisjonen har no sendt forslag til utfyllande regelverk som er viktig for transparensregelverket for OTC-derivat på høyring. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå partar som saka vedkjem.
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 10. juli 2024.
Les meir på EU-kommisjonens nettsider:
Les også: