Høyringar frå ESMA: Transaksjonsrapportering og ordrebokdata - MiFIR review
Høringer
Publisert: 11. oktober 2024
Sist endret: 12. desember 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmakta (ESMA) har sendt på høyring forslag til endringar i tekniske standardar for transaksjonsrapportering og vedlikehald av ordrebokdata.
Formålet med endringa er å forenkle, forbetre og auke harmoniseringa av datarapporteringskrava til marknadsdeltakarar. Målgruppa for høyringa er investerings- og kredittføretak som deltek i verdipapirhandel, handelsplassar og regulatoriske styresmakter.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfrist er 3. januar 2025. [Høyringsfristen er utvida til 17.januar 2025.]
Les meir:
Onsdag 18.desember 2024 kl. 10:00 – 12:00 CEST skal den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) halde ei virtuell offentleg høyring av eit høyringsnotat som vart publisert 3.oktober 2024 knytt til gjennomgangen av dei foreslåtte endringane i RTS 22 (transaksjonsrapportering) og RTS 24 (ordrebokdata).