Nye høyringar frå EIOPA: Forslag til ny rapport og juridiske instrument ved gjennomgangen av Solvens II
Høringer
Publisert: 10. desember 2024
Høyringane frå den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) er den andre samlinga høyringar og omfattar ein foreslått rapport om risikostyring av biologisk mangfald og fem juridiske instrument. Dei skal gjenspegle endringane som er venta å bli innførte i regelverket som ein del av gjennomgangen av Solvens II-direktivet. Høyringsfristen er 26. februar 2025.
Dei seks høyringane dekker temaa risiko for biologisk mangfald, risiko og planar innan berekraft og mangfald i forsikringsføretaka sine administrative, leiings- og tilsynsorgan, og oppdateringar av nokre eksisterande retningslinjer og tekniske standardar:
- Høyring om rapport for risikostyring av biologisk mangfald.
- Høyring om regulatoriske tekniske standardar for å handtere risiko innan berekraft, inkludert tilhøyrande risikoplanar.
- Høyring om retningslinjer til definisjon av mangfald for val av medlemmer til administrasjons-, leiings- eller tilsynsorgan.
- Høyring om reviderte retningslinjer for verksemdsspesifikke parameter.
- Høyring om reviderte retningslinjer for marknads- og motpartsrisikoeksponeringar i standardformelen.
- Høyring om revidert teknisk gjennomføringsstandard på listene over regionale myndigheiter og lokale myndigheiter sine eksponeringar, som skal behandlast som eksponering mot statleg myndigheit.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfristen er 26. februar 2025.
Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengelege på nettstaden til EIOPA:
• EIOPA opens second batch of consultations on legal instruments after Solvency II review