Høyring frå EIOPA: Bruk av kunstig intelligens i styring og risikohandtering i forsikring
Høringer
Publisert: 13. februar 2025
Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) har publisert ei høyring der interessentar kan gi innspel til EIOPAs "The Consultation Paper and the Impact Assessment of EIOPA’s Opinion on AI governance and risk management".
EIOPA ber om innspel til ein uttale (opinion) om styring og kontroll i samband med kunstig intelligens (KI). Denne uttale skal gi tilsynsmyndigheiter og forsikringsselskap rettleiing om korleis ein skal tolke og implementere føresegner i forsikringssektoren i lys av bruken av KI-system i forsikring. Uttale skal gi klarheit om dei viktigaste prinsippa og krava i sektorlovgivinga knytt til forsikring som gjeld bruk av KI-system som ikkje er klassifiserte som forbode eller høgrisiko i EUs KI-forordning.
Høyringsfristen er 12. mai 2025.
Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettsida til EIOPA: