Høyring frå ESMA: Nivå 2 regelverk som gjeld ESEF for berekraftsrapportering
Høringer
Publisert: 9. januar 2025
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring fleire forslag til ufyllande reglar som gjeld European Single Electronic Format (ESEF) for berekraftsrapportering. Høyringsfristen er 31. mars 2025.
Føretaka som skal utarbeide berekraftsrapportering, skal utarbeide årsmeldinga i XHTML- formatet og merke berekraftsrapporteringa i tråd med reglane i forordning (EU) 2019/815 (ESEF- forordninga), jf. rekneskapslova § 2-7. Høyringa gjeld utkast til utfyllande reglar om dette. Det er også forslag som gjeld endringar til European Electronic Access Point (ESAP).
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. ESEF-forordninga er gjennomført i verdipapirforskrifta for noterte føretak som er underlagt krav til årsrapport etter verdipapirhandelslova. Finanstilsynet reknar med at det blir teke inn ei føresegn i forskrift til rekneskapslova om elektronisk rapporteringsformat som viser til ESEF-forordninga i verdipapirforskrifta når endringane til ESEF-forordninga er vedtekne. EEAP (forordning (EU) 2016/1437) er gjennomført i verdipapirforskrifta og endringar antas gjennomført der.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 31. mars 2025.
Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA: