Halvårsrapport for børsnoterte føretak 2018 – manglande ansvarserklæring
Nyheter
Publisert: 30. oktober 2018
Finanstilsynet har gjennomgått halvårsrapportane for børsnoterte føretak for 2018 og funne at ti føretak ikkje hadde offentleggjort erklæring.
Etter verdipapirhandellova skal halvårsrapporten til noterte føretak innehalde:
- halvårsrekneskap
- halvårsmelding
- erklæring frå leiinga om halvårsrekneskapen og halvårsmeldinga
Finanstilsynet har oppmoda føretaka om å offentleggjere ansvarserklæringa. Alle føretaka har nå offentleggjort dei påpekte manglane.
Føretaka som ikkje hadde offentleggjort erklæring:
- BerGenBio ASA
- Care Bidco AS
- Fjordkraft Holding ASA
- Ice Group Scandinavia Holdings AS
- Insr Insurance Group ASA
- Komplett Bank ASA
- Oceanteam ASA
- Okea AS
- RomReal LTD
- Viking Redningstjeneste AS
Kontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.