Oppheving og dels vidareføring av likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket
Nyheter
Publisert: 17. desember 2019
I juli 2019 vedtok EU-kommisjonen å oppheve likeverdsvurderingar for ni land når det gjaldt regelverket og dei tilsynsmessige rammene for kredittvurderingsbyrå. Likeverdsvurderingane vart oppheva fordi EU hadde innførd nye krav etter regelverket om kredittvurderingsbyrå etter at desse likeverdsvurderingane vart vedtekne. Etter ei ny vurdering kom EU-kommisjonen til at fire av landa oppfyller dei noverande krava i regelverket, og dei vedtok difor fire nye likeverdsvurderingar for desse landa. Forordningane er tatt inn i EØS-avtala 6. desember 2019 og trer i kraft i norsk rett 1. januar 2020.
EU-kommisjonen avgjorde å vedta nye likeverdsvurderingar for dei følgjande landa:
På nettstaden til regjeringa finnast det EØS-notat for dei enkelte avgjerdene:
- USA: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i USA
- Mexico: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Mexico
- Japan: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Japan
- Hongkong: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Hongkong
EU-kommisjonen avgjorde å oppheve likeverdsvurderingane for regelverket om kredittvurderingsbyrå utan å vedta nye for Australia, Canada, Singapore, Brasil og Argentina.
Reglane vil gjennomførast i norsk rett gjennom forskrift om likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket. Reglane trer i kraft i norsk rett den 1. januar 2020.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.