Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Cash FX Group
Nyheter
Publisert: 20. oktober 2021
Cash FX Group er eit selskap registrert i Panama som tilbyr tenester som skal gi moglegheit for høg avkasting i valutamarknaden. I Noreg er det mellom anna CFX Team Norge som marknadsfører verksemda til selskapet. Selskapet har ikkje løyve til å tilby investeringstenester i Noreg, og Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Cash FX. Dersom du investerer i dette selskapet, kan du risikere å tape alle pengane dine.
Finanstilsynet åtvara mot selskapet hausten 2020 òg, og Lotteritilsynet publiserte ei åtvaring mot selskapet våren 2021 på bakgrunn av at verksemda har fleire fellestrekk med, og framstår som, eit ulovleg pyramidespel. Fleire europeiske tilsynsmyndigheiter, mellom anna i Sverige og Irland, har nyleg òg åtvara mot selskapet.
Cash FX Group har ikkje løyve til å tilby investeringstenester eller drive investeringsverksemd i Noreg. Dette inneber at investeringane ikkje er underlagde dei same reglane for investor- og forbrukarvern som gjeld for føretak som har nødvendig løyve. Selskap som er etablerte i land utanfor EU/EØS, kan ikkje drive investeringsverksemd i Noreg utan først å ha godkjenning frå Finanstilsynet. At selskapet eventuelt er regulert og sertifisert av tilsynsmyndigheiter utanfor EU/EØS, er ikkje tilstrekkeleg.
Reglane for investeringstenester stiller strenge krav til investor- og forbrukarvern. Det er stor risiko for å tape pengane og bli lurt dersom du investerer i eit selskap som ikkje har nødvendig løyve.
Finanstilsynet er kjend med at privatpersonar i Noreg som deltek i Cash FX Group, aktivt forsøker å verve nye kundar til føretaket, med løfte om høg forteneste. Finanstilsynet minner om at både yting av investeringstenester utan nødvendig løyve og medverknad til dette, er ulovleg og kan føre til ilegging av lovbrotsgebyr og/eller melding til politiet.
Finanstilsynet oppmodar deg til å vere kritisk til selskap som kontaktar deg med lovnader om høg forteneste og låg risiko. Sjekk alltid om selskapet står oppført i verksemdsregisteret til Finanstilsynet eller om Finanstilsynet har åtvara mot selskapet. Ver òg klar over at ved svindel kan både personane som kontaktar deg, og nettsidene du finn informasjon om selskapet på, verke profesjonelle og tillitvekkande. Ofte er det òg historier om andre personar som har investert og tent godt. Hugs at om noko høyrast for godt ut til å vere sant, så er det gjerne det. Hald deg informert, og ver kritisk.
Dersom du mistenker at du er utsett for svindel, bør du melde forholdet til politiet. Kontakt banken din dersom du har mistanke om at innloggingskodar, kontoinformasjon eller liknande er misbrukte eller er borte/tapt. Sjølv om Finanstilsynet ikkje kan bistå deg direkte i slike saker, tek vi gjerne imot tips. Tips om ulovleg verksemd er verdifullt i Finanstilsynet sitt arbeid med å hindre slik verksemd og for å redusere faren for at fleire blir lurt.
Sjå òg åtvaring frå:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.