Finanstilsynets årsrapport for 2020
Nyheter
Publisert: 20. april 2021
Finanstilsynets årsrapport gir ei oversikt over oppgåvene tilsynet gjennomførte i 2020.
Om årsrapporten
"Rapport frå leiinga" innleier rapporten og er signert styreleiar Finn Arnesen og finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen. Årsrapporten inneheld vidare ein introduksjon til verksemda, hovudtal og ein presentasjon av årets aktivitetar og resultat. Styring og kontroll i verksemda er omtala, og det same gjeld vurdering av framtidsutsikter. Årsrekneskapen er ein del av rapporten, men er førebels ikkje revidert av Riksrevisjonen. Så snart revisjonsrapporten ligg føre, vil denne bli publisert saman med årsrapporten.
Om anna rapportering
Som del av rapporteringa for 2020 har Finanstilsynet utarbeidd eigne rapportar frå tilsynsområda. Desse blei publiserte 17. februar 2021.
Meir omfattande analysar og vurderingar av finansmarknaden blir regelmessig dekte av den halvårlege rapporten Finansielt utsyn i juni og desember og i kvartalsvise soliditets- og resultatrapportar for finansføretak. I tillegg publiserer Finanstilsynet den årlege risiko- og sårbarheitsanalysa (ROS), som oppsummerer arbeidet med IKT-sikkerheit i finanssektoren det førre året, og rapportar frå tematilsyn på dei ulike tilsynsområda.
Årsrapport
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.