Nedgang i utlånsvolumet, lågare tap og færre inkassosaker, men framleis høg del misleghaldne forbrukslån
Nyheter
Publisert: 27. oktober 2021
Det har vore ein nedgang i utlånsvolumet i den norske marknaden for forbrukslån i 2021. Tapsnivået er redusert, men delen av misleghaldne lån er framleis høg. Misleghalde forbruksgjeld utgjorde ved utgangen av første halvår 2021 nær halvparten av den samla misleghalde opprinnelege gjelda (hovudstolen) som inkassoføretaka hadde til inndriving. Ved utgangen av første halvår 2021 var 34,1 prosent av forbrukslånkrava til inndriving teke opp for meir enn fem år sidan.
Omfanget av forbrukslån til norske kundar fall med 12,5 prosent dei siste tolv månadene, frå 97,7 milliardar kroner ved utgangen av første halvår 2020 til 85,5 milliardar kroner ved utgangen av første halvår 2021 for føretaka som inngår i kartlegginga til Finanstilsynet. Justert for salet av misleghaldne lån som føretaka hadde, var nedgangen på 9 prosent. Delen av misleghald for utvalet samla var 14,8 prosent ved utgangen av første halvår 2021, medan denne delen var på 14,0 prosent ved utgangen av 2020. For norske bankar som har spesialisert seg på forbrukslån, var delen med misleghald 22,7 prosent, opp frå 20,5 prosent ved utgangen av 2020.
Tal frå Gjeldsregisteret AS, som samlar opplysningar om usikra lån og enkelte andre typar lån til privatpersonar i Noreg, viser at det samla utlånsvolumet var 13,6 milliardar kroner (8,3 prosent) lågare ved utgangen av august 2021 enn det var eitt år tidlegare. Målt i kroner var nedgangen særleg sterk for usikra nedbetalingslån, med 7,6 milliardar kroner (10,0 prosent). Den renteberande delen av den samla gjelda blei i den same perioden redusert med 14,9 milliardar kroner, medan ikkje-renteberande gjeld auka med 1,2 milliardar kroner. Delen av personar med fleire enn fem kredittar som var registrerte i Gjeldsregisteret, var 6,4 prosent ved utgangen av august 2021, som er ned 1,6 prosentpoeng det siste året.
Talet på inkassosaker knytte til forbruksgjeld blei redusert med 3,5 prosent gjennom første halvår 2021. Sakene representerte 10,7 prosent av samla tal på saker til inndriving hos alle inkassoføretaka. Inkassosakene knytte til forbruksgjeld representerte misleghalde opprinneleg gjeld på 34,4 milliardar kroner, som utgjorde 49,1 prosent av samla misleghalde opprinneleg gjeld til inndriving hos alle inkassoføretaka. Ei fordeling av inkassosakene knytte til forbruksgjeld etter storleiken på den opprinnelege gjelda viser at 52,1 prosent av krava var på under 25 000 kroner. I overkant av 3 prosent av krava hadde ei opprinneleg gjeld på over 250 000 kroner. Ved utgangen av første halvår 2021 var 271 100 av krava knytte til forbruksgjeld kjøpt opp frå den opprinnelege kravshavaren, noko som utgjer 40,4 prosent av krava.
Rapport
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.