Årsrapportane til børsnoterte føretak for 2021 – manglande ansvarserklæring
Nyheter
Publisert: 31. august 2022
Finanstilsynet har gjennomgått årsrapportane til børsnoterte føretak for 2021 og funne at fem føretak ikkje hadde offentleggjort erklæring.
Etter verdipapirhandellova skal årsrapporten til noterte føretak innehalde:
- revidert årsrekneskap
- årsberetning
- erklæring frå leiinga om årsrekneskapen og årsberetninga
Føretak som ikkje hadde offentleggjort erklæring:
- East Renewable AB
- Nova Austral S.A
- Pelagia Holding AS
- Superoffice Group AS
- Volue ASA
Finanstilsynet har skrive til føretaka om å offentleggjere ansvarserklæringa. Alle føretaka har no offentleggjort dei påpeikte manglane.