EBA publiserer tekniske standardar for ny rapportering av renterisiko i bankboka (IRRBB)
Nyheter
Publisert: 9. august 2023
Sist endret: 10. september 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 31.07.2023 endelege endringar i tekniske standardar for ny rapportering av føretaka sin renterisiko i bankboka ("Interest rate risk in the banking book", IRRBB).
Rapporteringa av IRRBB har første referansedato 30.09.2024 og blir implementert i rapporteringspakke v.3.4. EBA planlegg å publisere endeleg versjon av rapporteringspakke v.3.4 medio oktober 2023.
IRRBB-modulen i rapporteringspakke v.3.4 inneheld proporsjonalitet for omfanget av rapporteringa, avhengig av føretaka si klassifisering som Store føretak / Mindre ikkje-komplekse føretak / Øvrige føretak. Alle føretak skal rapportere tabell J 01.00, medan rapportering av dei øvrige tabellane avheng av føretaket si klassifisering, sjå nedanfor.
Tabellar som skal rapporterast i IRRBB-modulen, etter føretaket si klassifisering:
Kvartal | Årleg | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Store føretak | J 01.00 | J 02.00 | J 05.00 | J 08.00 | J 10.01 | J 10.02 |
Øvrige føretak | J 01.00 | J 03.00 | J 06.00 | J 09.00 | J 11.01 | J 11.02 |
Mindre, ikkje-komplekse føretak | J 01.00 | J 04.00 | J 07.00 | J 09.00 | J 11.01 | J 11.02 |
EBA vil gjennomføre ei ad hoc-rapportering for eit utval føretak i første kvartal 2024, med referansedato 31.12.2023, basert på tabellar og rettleiing i denne tekniske standarden. Denne rapporteringa vil berre omfatte føretak som allereie inngår i EBA sin Quantitative Impact Study (QIS).
Meir informasjon
- Nyheitsmelding frå EBA
- Ad hoc-rapportering for eit utval føretak
- EBA – samleside for rapportering
- Sjå òg Finanstilsynet si nyheitssak frå 02.06.2023