Endring i verdipapirforskrifta – elektronisk rapporteringsformat for noterte føretak
Nyheter
Publisert: 31. mars 2023
Finanstilsynet har fastsett ei endring i verdipapirforskrifta som spesifiserer det elektroniske rapporteringsformatet utskrivarar skal nytte når dei avlegg årsrapportar.
EØS-komiteen beslutta 17. mars 2023 å innlemme i EØS-avtalen vedlegg IX til forordning (EU) 2022/2553. Kommisjonsforordninga er no gjennomførd i norsk rett i verdipapirforskrifta. Kommisjonsforordninga vedtek endringar i kommisjonsforordning 2019/815, som spesifiserer det elektroniske rapporteringsformatet utskrivarar skal nytte når dei avlegg årsrapportar, jf. verdipapirhandellova § 5-5 (8). Føretaka skal nytte endringsforordninga på årsrapportar som gjeld rekneskapsår som begynner 1. januar 2023 eller seinare. Endringsforordninga stadfestar at tidlegare bruksmåte framleis er tillate.
Endringa tok til å gjelde 29. mars 2023.
Les meir: