Endringar i referanseverdiforskrifta
Nyheter
Publisert: 20. desember 2023
Finanstilsynet har fastsett endring i referanseverdiforskrifta for å gjennomføra forlenging av overgangsperioden for referanseverdiar frå tredjeland.
EØS-komiteen vedtok 8. desember 2023 å innlemma kommisjonsforordning (EU) 2023/2222 i EØS-avtalen. Finanstilsynet har fastsett endring i referanseverdiforskrifta § 13 for å innta rettsakta i norsk rett.
Kommisjonsforordninga forlengjer overgangsperioden fastsett i referanseverdiforordninga artikkel 51 nr. 5 og inneber at referanseverdiar frå tredjeland kan brukast inntil 31. desember 2025.
Endringa tredde i kraft 18. desember 2023.