Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Better Experience (BE)
Nyheter
Publisert: 23. mars 2023
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Better Experience (BE) har tilbode investeringstenester til norske investorar.
Finanstilsynet gjer merksam på at Better Experience (BE) ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Føretaket er heller ikkje registrert hos Finanstilsynet som tilbydar av vekslings- og/eller oppbevaringsteneste for virtuell valuta. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet, eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr.
Det er òg forbode i Noreg å tilby binære opsjonar til ikkje-profesjonelle. Finanstilsynet har merka seg at Lotteritilsynet og Forbrukartilsynet har åtvara mot verksemda fordi det liknar eit ulovleg pyramidespel. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtale eller bruke tenestene til Better Experience (BE). Dersom ein gjer det, må ein vere førebudd på å tape alle pengane ein set inn i systemet.
Finanstilsynet er kjend med at privatpersonar i Noreg som deltek i Better Experience (BE), aktivt forsøker å verve nye kundar til føretaket, med løfte om høg forteneste. Finanstilsynet minner om at både yting av investeringstenester utan nødvendig løyve og medverknad til dette, er ulovleg og at tilsynet kan ilegge lovbrotsgebyr og/eller melde det til politiet.
Finanstilsynet oppmodar deg til å vere kritisk til selskap som kontaktar deg med lovnader om høg forteneste og låg risiko. Sjekk alltid om selskapet står oppført i verksemdsregisteret til Finanstilsynet eller om Finanstilsynet har åtvara mot selskapet. Ver òg klar over at ved svindel kan både personane som kontaktar deg, og nettsidene du finn informasjon om selskapet på, verke profesjonelle og tillitvekkande. Ofte er det òg historier om andre personar som har investert og tent godt. Hugs at om noko høyrast for godt ut til å vere sant, så er det gjerne det. Hald deg informert, og ver kritisk.
Dersom du mistenker at du er utsett for svindel, bør du melde forholdet til politiet. Kontakt banken din dersom du har mistanke om at innloggingskodar, kontoinformasjon eller liknande er misbrukte eller er borte/tapt. Sjølv om Finanstilsynet ikkje kan bistå deg direkte i slike saker, tek vi gjerne imot tips på e-post. Tips om ulovleg verksemd er verdifullt i Finanstilsynet sitt arbeid med å hindre slik verksemd og for å redusere faren for at fleire blir lurt.
Les meir:
Pressetelefon
Telefon: 40 90 03 50
E-post: pressevakt@finanstilsynet.no
Opningstider julen 2024
23. des: kl. 09-19
24. des: kl. 09-15
25-26. des: kl. 12-15
27. des: kl. 10-15
28-29. des: kl. 12-15
30-31. des: kl. 10-15
1. jan: kl. 12-15
Normal opningstid
Kvardagar kl. 09.00–21.00
Laurdag og søndag kl. 12.00–19.00