Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Krav til innhaldet i søknader frå verdipapirføretak som søker om løyve som kredittinstitusjon

Krav til innhaldet i søknader frå verdipapirføretak som søker om løyve som kredittinstitusjon

Nyheter

Publisert: 20. januar 2023

EU-kommisjonen har vedtatt ei forordning som utdjupar kva opplysningar verdipapirføretak som søker om løyve etter kapitalkravsdirektivet skal gi til tilsynsmyndigheitene.

EU-kommisjonen vedtok 10. juni 2022 forordninga (EU) 2022/2579. Forordninga vart publisert i EU-tidende 29. desember 2022 og blei tatt i bruk i EU frå 18. januar 2023. I forordninga blir det presisert kva opplysningar verdipapirføretak som søker om løyve etter kapitalkravsdirektivet (CRD IV, direktiv (EU)2013/36) skal gi til tilsynsmyndigheitene.

Forordninga er ikkje tatt inn i EØS-avtalen enno.

Finanstilsynet legg til grunn at EØS-forpliktingar som svarer til forordninga kan gjennomførast i norsk rett i CRD IV/CRR-forskrifta § 2. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Les meir:

  • Commission Delegated Regulation (EU) 2022/2579 of 10 June 2022
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less