Ny finanstilsynsdirektør – Per Mathis Kongsrud
Nyheter
Publisert: 15. august 2023
Per Mathis Kongsrud blei i statsråd 14. april 2023 utnemnd som direktør for Finanstilsynet for ein periode på seks år. Han har no tiltredd stillinga.
Kongsrud er utdanna sosialøkonom frå Universitetet i Oslo. Han har lang erfaring frå statsforvaltninga og har mellom anna vore avdelingsdirektør i økonomiavdelinga i Finansdepartementet. Frå 2002–2005 var han tilsett i OECD i Paris.
Per Mathis Kongsrud avløyser Morten Baltzersen, som no går av etter sin andre åremålsperiode.
Foto: Jarle Nyttingnes
Les meir:
Pressemelding frå Finansdepartementet 14. april 2023 (Regjeringa.no)