Pressekonferanse torsdag 19. oktober: Bustadlånundersøkinga 2023
Nyheter
Publisert: 16. oktober 2023
Finanstilsynet presenterer resultata frå årets bustadlånundersøking.
Tid: Torsdag 19. oktober 2023 kl. 10.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Du kan òg følge pressekonferansen via nett-tv.
Finanstilsynet gjennomfører årlege utvalsundersøkingar av utlånspraksisen av nye lån med pant i bustad frå dei største bankane.
Årets undersøking viser mellom anna utviklinga i gjeldsgraden og beteningsevna til låntakaren, og renter og avdrag som andel av årsinntekta til låntakaren.
Journalistar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan onsdag 18. oktober kl. 15.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Etter pressekonferansen kan journalistar òg avtale ein-til-ein-intervju per telefon ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no
Hugs å ta med pressekort/legitimasjon ved frammøte, og du må berekne litt ekstra tid for å bli registrert som besøkande.
Presentasjonen er ved konstituert direktør for digitalisering og analyse Knut Haugan og seksjonssjef Thea Birkeland Kloster for seksjon for analyse og rapportering.