Anders Hole tilsett som avdelingsdirektør
Nyheter
Publisert: 22. april 2024
Anders Hole (49) er tilsett som avdelingsdirektør for bank- og forsikringstilsyn i Finanstilsynet frå 22. april 2024.
Hole har arbeidd i Finanstilsynet i to periodar, frå 2002 til 2017 og frå 2020 til no, og har erfaring frå finansmarknadstilsyn og bank- og forsikringstilsyn. I perioden 2017–2020 var han advokatfullmektig og deretter senioradvokat i advokatfirmaet Selmer. I 2009 var han juridisk rådgivar i Statens finansfond.
Hole har juridisk embetseksamen i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo, og har vore konstituert i stillinga sidan 15. september 2023.
Foto: Jarle Nyttingnes