Endringar i organiseringa av Finanstilsynet
Nyheter
Publisert: 4. mars 2024
Finanstilsynet har i dag justert korleis vi er organisert internt. Ei vesentleg endring er at tidlegare avdeling for digitalisering og analyse no er delt i to: avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn og avdeling for digitalisering og rapportering. I tillegg er nokre funksjonar flytta mellom seksjonar og avdelingar.
Frå i dag vil tilsynet ha desse avdelingane med følgande leiarar:
- avdeling for marknadstilsyn – direktør Anne Merethe Bellamy
- avdeling for bank- og forsikringstilsyn – konstituert direktør Anders Sanderlien Hole
- avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn – konstituert direktør Knut Haugan
- avdeling for digitalisering og rapportering – konstituert direktør Kristin Tornling
- avdeling for verksemdsstyring – direktør Nina Moss
I leiargruppa til finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud inngår òg juridisk direktør Cecilie Ask og kommunikasjonsdirektør Lisbeth Strand.
Utlysing av ledige stillingar i leiargruppa til Finanstilsynet
I påvente av gjennomføringa av organisasjonsendringane i dag har fleire av stillingane som avdelingsdirektør vore midlertidige fram til no. Stillingane som direktør for avdeling for digitalisering og rapportering og avdeling for bank- og forsikringstilsyn er nyleg lyste ut. Stillinga som direktør for avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn vil bli lyst ut i nær framtid.