Finanstilsynet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet blir styrka
Nyheter
Publisert: 7. oktober 2024
I forslaget til statsbudsjett 2025 som blei lagt fram i dag, 7. oktober, foreslår regjeringa at Finanstilsynet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet blir styrka med 20 årsverk og lokalisert på Hamar.
Kampen mot kriminalitet er eitt av hovudmåla til Finanstilsynet. I tillegg til finanssektoren omfattar Finanstilsynet sitt tilsynsansvar blant andre rekneskapsførarar, revisorar, eigedomsmeklarar og låneformidlarar. Føretak som driv valutaverksemd, og føretak som tilbyr vekslings- og oppbevaringstenester for kryptoeigedelar, er òg under tilsyn. Det breie tilsynsansvaret gir eit godt grunnlag for å forebygge og følge opp økonomisk kriminalitet, både i føretak under tilsyn og i føretak eller overfor privatpersonar som nyttar tenestene frå desse.
– Føretaka i finanssektoren, rekneskapsførarane og revisorane har ei viktig rolle i kampen mot økonomisk kriminalitet. Ei styrking av tilsynet på desse områda bidrar til å forebygge og avdekke økonomisk kriminalitet, seier finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud.
Regjeringa foreslår at dei nye stillingane blir oppretta på eit nytt kontor på Hamar.
– Ei lokalisering på Hamar er i tråd med vurderingane til Finanstilsynet. Lokaliseringa blir nær andre myndigheiter som allereie er etablerte med relevant aktivitet i regionen, som fagmiljøet til Skatteetaten på Hamar og bedragerieininga til Økokrim på Gjøvik, seier Kongsrud.
Regjeringa foreslår at det vil vere ei gradvis innfasing over tre år.
– Forslaget gir rom for ti heltidsstillingar frå og med andre halvår 2025. Det er ein ambisiøs plan, men er nødvendig for å gi denne eininga ein god start og gjere stillingane attraktive i rekrutteringsmarknaden, seier Kongsrud.
Budsjettforslaget til regjeringa for 2025 skal no bli behandla i Stortinget.
Pressemeldingar frå regjeringa