Marte Voie Opland tilsett som avdelingsdirektør
Nyheter
Publisert: 29. november 2024
Sist endret: 2. desember 2024
Marte Voie Opland (52 år) er tilsett som direktør for marknadstilsyn i Finanstilsynet frå 1. desember 2024.
Voie Opland har arbeidd i Finanstilsynet i fleire periodar, og ho har leia ulike seksjonar på verdipapirområdet. Ho kjem frå stillinga som seksjonsleiar for infrastruktur i kapitalmarknaden. Voie Opland har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo og har allsidig erfaring som advokat i bankar og advokatfirma.
Ho tek over etter Anne Merethe Bellamy, som har vore avdelingsdirektør og del av leiargruppa i Finanstilsynet sidan 1999. Bellamy vil gå over i staben til direktøren.
Foto: Finanstilsynet