EBA: Retningslinjer for miljømessige, sosiale og styringsmessige risikoar for bankar og andre kredittinstitusjonar
Nyheter
Publisert: 13. januar 2025
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert retningslinjer som setter minimumsstandardar og referansemetodar for å identifisere, måle, styre og overvake miljømessige, sosiale og styringsmessige risikoar (ESG) for bankar og andre kredittinstitusjonar.
Berekraftsrisikoar, spesielt miljømessige risikoar gjennom overgangs- og fysiske risikodrivarar, kan påverke alle tradisjonelle kategoriar av finansielle risikoar som bankar og andre kredittinstitusjonar er utsette for. For å sikre motstandsdyktigheita til forretningsmodellen og risikoprofilen på kort, mellomlang og lang sikt, set retningslinjene krav til interne prosessar og risikostyringsordningar som bankar og andre kredittinstitusjonar bør ha på plass.
Bankar og andre kredittinstitusjonar bør utvikle spesifikke planar for å overvake og handtere risikoane som oppstår i overgangen til ein berekraftig økonomi. Retningslinjene vil gjelde frå 11. januar 2026, bortsett frå for små og ikkje-komplekse institusjonar. For dei vil retningslinjene gjelde frå seinast 11. januar 2027.
Retningslinjene er baserte på artikkel 87a(5) i direktiv 2013/36/EU.
Finanstilsynet vil legge retningslinjene til grunn i tilsynspraksisen.