Finanstilsynet legg fram rapportar om tilsynsaktiviteten i 2024
Nyheter
Publisert: 17. februar 2025
Finanstilsynet legg kvart år fram rapportar som oppsummerer hovudtrekka i tilsynet med alle verksemdene og marknadene i finanssektoren i det førre året.
I rapportane finn du informasjon om kva Finanstilsynet prioriterte i tilsynsarbeidet i 2024. Dette omfattar tilsyn, analysar og rapportar av føretaka og marknadene, konsesjonssaker og regelverksutvikling.
Rapportane gir òg eit oversyn over antalet føretak som har løyve til å drive verksemd innanfor dei ulike felta, og antalet tilsyn Finanstilsynet hadde på dei ulike tilsynsområda i 2024.
I slutten av april publiserer Finanstilsynet årsrapporten som oppsummerer arbeidet til Finanstilsynet. Årsrapporten innheld mellom anna resultat, måloppnåing, informasjon om verksemda og årsrekneskapen.